

DET VI KAN TILBY
Her kan du bestille boka "Idas Kjøkkenhage", du kan melde deg på kurs, bestille abonnement på grønsaker eller booke overnatting på Lundemannsverk.

KURS
Vi held ulike kurs i dyrking av grønsaker for nybegynner og for erfarne. Vi har også kurs i beskjering og stell av frukttre og i kompostering.
Kurs kan bookast via checkin.no
Vil du bestille boka "Idas kjøkkenhage"?
Idas Kjøkkenhage er ei bok for deg som vil dyrke dine eige grønsaker på ein enkel og effektiv måte. Boka passar både for deg som har stor hage, og deg som har ein mindre balkong eller terrasse.
Boka fekk terningkast 5 i BT då den vart anmeldt våren 2025.
For bestilling: Ta kontakt på epost: lundemannsverk@gmail.com


ABONNEMENT PÅ GRØNSAKER
Ynskjer du å abonnere på grønsakskasse? Som abonnent får du ei kasse med heilt ferske grønsaker kvar veke eller kvar 14. dag. UTSOLGT FOR 2025
OVERNATTING
Vi har eit anneks som vi leiger ut. Annekset har fullt utstyrt kjøkken, bad og sengeplassar til 5. Det ligg fint til, midt i tunet vårt, så her kan du få med deg alt som skjer på garden!
For prisar og detaljar: Ta kontakt på epost: lundemannsverk@gmail.com
