
VÅR HISTORIE
FRÅ BYEN TIL BYGDA FOR Å DYRKE
I 2020 kjøpte vi garden Lundemannsverk på Stord. Vi falt for det nydelige landskapet, og vi såg med ein gong potensiale i garden. Men bygningane var forfalne, og jorda var i dårleg stand. Dermed starta ei lang reise mot ein gard der vi både kunne bu og arbeide.
På Lundemannsverk bur no Ida Kleppe og Sverre Brufladt med barna Vera B. Kleppe, Harald B. Kleppe og Olivia B. Kleppe. I tillegg bur hunden Simba, katten Ludo, hesten Corken, 3 ender og ca 70 høner her.

OM LUNDEMANNSVERK
På Lundemannsverk er det i hovudsak produksjon av mat vi held på med. Vi dyrkar grønsaker, frukt, bær og urter, og vi har høns, slik at vi får egg. Desse produkta får du kjøpt i vår gardsbutikk, eller du kan abonnere på grønsaker. Ida jobbar fulltid på garden, mens Sverre har arbeid utanom. Gardsbutikken er open ifrå 10.00 til 20.00 alle dagar frå 5. juli til 31. oktober.
Vi tilbyr også:
- Kurs
- Omvisning
- Overnatting
- Foredrag
Interessert? Ta kontakt, bestill på våre nettsider, eller kom innom.

100% ØKOLOGISK OG KORTREIST
Vi trur på å dyrke i samarbeid med naturen. Derfor er det ikkje sprøytemiddel og kunstgjødsel på vår gard. Vi er DEBIO-sertifisert, som betyr at våre produkt er økologisk. For å bekjempe ugras og skadedyr brukar vi mykje manuelle metoder, som luking og plukking. Det er meir jobb, men vi er heilt sikker på at det er verdt det!